PlansystemetGod leiing og gode plan- og styringsprosessar er ein føresetnad for at Molde kommune skal kunne ta i vare si rolle som tenesteytar, samfunnsutviklar og demokratisk arena. God styring av verksemda skal ta i vare både dei folkevalde sitt ansvar for strategisk styring og prioritering, og kommunedirektøren sitt ansvar for å sette i verk politiske vedtak.Plansystemet skalgje eit godt grunnla for politisk styring og administrativ oppfølgingvere tilgjengeleg og lett å få oversikt overstimulere til tverrfagleg oppgåveløysing i samarbeid med innbyggarar, næringsliv og organisasjonarlegge til rette for opne prosessar med målretta samarbeid/medverknadlegge til rette for effektive, kostnadseffektive og kunnskapsbaserte planprosessarkunne omstille seg i takt med samfunnsendringaneEit tydeleg planhierarki skal vise samanhengen mellom dei ulike planane og ha klart definerte plantypar. Dei ulike typane planer er nærare omtala i planstrategien. Figuren under viser forslag til plansystem for Molde kommune. Kommuneplan - kva skal kommunen oppnå? Kommuneplanen er det overordna strategiske styringsdokumentet til kommunen, og inneheld mål og retningsval for kommunen si utvikling. Kommuneplanen er forankra i plan- og bygningsloven. Den blir utarbeidd for ein periode på 12 år og rullerast normalt kvart fjerde år. Kommuneplana består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Mål og strategiar i samfunnsdelen skal ligge til grunn for utarbeiding av arealdelen, temaplanar, budsjett, økonomiplan med handlingsplan og planar for dei enkelte verksemdene. Arealdelen er juridisk bindande, og omfattar plankart, forskrifter og planomtale. Molde kommune si kommuneplan Temaplanar - korleis skal vi arbeide for å nå måla? Ei temaplan blir ein del av kommuneplanen og er kopla til måla i kommuneplanen. Ei temaplan er i utgangspunktet fireårig, men dersom det er behov for det, kan planhorisonten vere lengre. Temaplanane bygger på prosessen som er gjennomført for å utarbeide planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel, og utarbeiding av temaplanar vil derfor kunne blir effektive planprosessar. Finn gjeldande planer Økonomiplan med handlingsprogram - heng det saman med samfunnsplanlegginga? I arbeidet med økonomiplana er samfunnsplanlegginga sentral. Tiltaka i økonomiplana må ha grunnlag i planverket. Kva for mål og retning arbeidet skal ha, og kva for tiltak som da må til, vert styrt gjennom plansystemet, det økonomiske rammene og prioriteringane av ulike mål og tiltak. I økonomiplanen med handlingsprogram må det og leggast inn behov for ressursar knytt til vedteke planbehov. Molde kommune si økonomiplan Virksomhetsplan - kva skal mi verksemd bidra med? Virksomhetsplan er eit administrativt verktøy som skal sikre samanheng mellom organisasjonen sine mål, tiltak og resultat, samt oppfølging av politiske vedtak, lover og forskrifter.Mål, strategiar og oppdrag frå kommuneplanen, temaplanar og handlingsprogram skal følgast opp og implementerast i verksemdene gjennom verksemdplanar.Verksemdstyring femnar all aktivitet knytt til leiing, planlegging og styring av drifts- og utviklingsoppgåver. Planstrategi - kva for utfordringar står vi overfor? Kommunal planstrategi er det mest overordna dokumentet i plansystemet, og drøftar kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og planbehov i valperioden. Planstrategien har langsiktige utviklingsmål med ein 12-årig horisont. FN sine 17 berekraftsmål ligg til grunn for arbeidet. Planstrategien har ingen direkte rettskraft for kommunen eller andre. Planlegginga skal vere behovsstyrt, ikkje bli gjort meir omfattande enn nødvendig, og vere tilpassa kommunen sin situasjon og utfordringar. Revisjon og rullering av eldre planer, eller utarbeiding av nye planer krev store ressursar, både med omsyn til bruk av tilsette og kostnadar knytt til planprosessen. Molde kommune sin planstrategi Sist endret 02.01.2025 10.27