Bruk stemmeretten din
Å stemme er noko av det viktigaste du kan gjere for å delta i demokratiet.
Summen av alle stemmene i eit lokalval avgjer kor mange representantar kvart parti får i kommunestyret og fylkestinget. Styrkeforholdet mellom partia bestemmer kva moglegheit dei har til å få gjennomslag for sakene dei og veljarane deira brenn for.
Alle norske statsborgarar som er over 18 år, eller fyller 18 i løpet av valåret, har stemmerett ved kommune- og fylkestingsval. Ved å delta kan du påverke kva politiske saker som blir prioriterte framover.
Snakk med ein politikar
Er det ei sak som engasjerer deg og nærmiljøet ditt? Då kan du kontakte ein lokalpolitikar!
Molde kommune har også eigne råd der du kan engasjere deg. Desse råda har jamlege møte med politikarane i kommunen.
Molde ungdomsråd,
Molde eldreråd
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Utval
I tillegg har Molde kommune eit kommunedelsutval i Nesset som skal fremje forslag og innspel til utvikling av lokalmiljøet.
Kommunedelsutvalet i Nesset
Kontaktinformasjon til lokalpolitikarar og politiske utval.
Min sak
Du kan og fremje eit innbyggjarforslag dersom du har ei sak du meiner kan gjere Molde kommune betre. Kommunelova gir deg rett til å få saka di behandla av kommunestyret viss minst 300 personar eller to prosent av innbyggjarane støttar forslaget. Da brukar du minsak.no.
Minsak.no
Kommunelova: § 12-1.Innbyggjarforslag
Under politikk og innsyn finn du fleire verktøy for å løfte saker du er opptatt av, som møteinnkallingar, protokollar, kommune-TV og moglegheit til å søke innsyn i postlister.
Politikk og innsyn på molde.kommune.no
Høyringar
Ei høyring betyr at ei sak – for eksempel ein plan – blir lagt ut for innspel frå innbyggjarane og andre som blir påverka. I enkelte saker er kommunen lovpålagt å sende saka på høyring før det blir fatta eit endeleg vedtak.
Sjå kva saker som er på høyring no i Molde kommune.
Stikk Innom
InnbyggjarLaben Innom ligg i Storgata 44 i Molde sentrum.
InnbyggjarLaben er eit initiativ frå Molde kommune og skal vere ein open, levande og inkluderande møteplass der det offentlege, innbyggjarane, næringslivet, akademia og frivilligheita kan samarbeide for å utvikle samfunnet. Lokalet kan også brukast til både interne og eksterne arbeidsmøte og verkstadar.
Innbyggjarlaben Innom
Bruk media
Ønskjer du å rette merksemd mot ei viktig sak? Då kan du nå mange raskt og effektivt ved å bruke media.
Media blir ofte kalla den fjerde statsmakta og speler ei viktig rolle i demokratiet. Innhaldet i media påverkar kva både folk og politikarar er opptatte av.
Redaksjonelle medium er for eksempel aviser, TV og radio, styrt av ein ansvarleg redaktør.
Det er fleire måtar å få ei sak omtala i media. Dei vanlegaste måtane er å sende inn tips eller debattinnlegg.
Dersom du vil fremje ei sak som er aktuell for lokalmiljøet ditt er aktuelle media for Molde kommune:
Organiser deg
Det er lettare å få gjennomslag for ei sak når det er fleire som jobbar mot det same målet.
Som medlem av eit politisk parti kan du påverke partiet innanfrå. Det er medlemane i partiet som bestemmer kva politikk partiet skal jobbe for. Dersom du ønsker å påverke politikken til eit parti i Molde kommune, kan du melde deg inn i eit lokallag.
Om du ikkje finn eit parti du kjenner deg nok att i, men vil engasjere deg i ei sak over lengre tid, kan det vera eit alternativ å engasjere seg i eit lokallag i ein organisasjon.