Fantastisk innsats under årets skulejogg til stønad for TV-aksjonenSkulejoggen i Vistdal samla 50 barn frå Vistdal og Eresfjord, i alderen 3 til 13 år. Dei sprang til saman 258 kilometer i løpet av ein drøy formiddagstime. —Ein fantastisk innsats, seier Christina Sveen som er einingsleiar for både Vistdal skole og Eresfjord barne- og ungdomsskule. Inntekta frå skulejoggen gjekk i år til TV-aksjonen og Redd Barna sitt prosjekt “La barn leve i fred” med mål om å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt.—Vi takkar både løparar og sponsorar for bidrag, kommenterer einingsleiaren. I tillegg til mange private sponsoravtalar mellom løparar og familiemedlemar, fekk løpet stønad frå lokale idrettslag og bedrifter. TV-aksjonen har vore gjennomført kvart år sidan 1974 og er blitt ein tradisjon i Noreg. Aksjonen er den største innsamlingsaksjonen i verda målt i innsamla middel per hovud og tal på frivillige.Totalt kom det inn 273 747 956 kroner inn til årets TV-aksjon frå heile landet. Sist endret 06.11.2023 15.45