Gjerdet barnehageGjerdet barnehage har tilsaman 72 plassar for barn i alderen 0-5 år. Gjerdet barnehage blei opna 15.9.2011. Barnehagen ligg i ytre-Midsund, nær idrettsanlegg, bibliotek og Midsund skule. I tillegg til å ha eit flott uteområde har vi og varierte turmuligheter til skog, fjøre, myr og mark. Barnehagen er organisert etter ei blanding mellom avdeling og base. Kvar base består av eit stort og eit lite rom. Desse romma er innreidd og har utstyr tilpassa den aldersgruppa som tilhøyrer basen. I tillegg har vi funksjonsrom, som for tiden er: våtrom, rolleleikrom og sanserom. Vi har og eit stort fellesrom, som vi nyttar til måltid, fellessamlingar, leik og aktivitetar. I tillegg har vi eit spesialpedagogisk rom som og blir nytta som bibliotek. Ideen vår er at alle barna skal kunne nytte alle romma i barnehagen, samtidig som romma skal vere med på å støtte barna sitt initiativ, kreativitet og leik i gruppe. Natur, friluftsliv og god helse er et satsingsområde for Gjerdet barnehage. Vi brukar mykje uteområde i barnehagen og nærmiljøet rundt. Fredag er fast turdag, der vi er på tur store delar av dagen og lagar varmmat ute. Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Eit godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Krabben, 1-2 år Pedagogisk leiar Christina Svanem Rolitrø Kokkeluren, 2 år Pedagogisk leiar Patrick Heggdal Kråkebollen, 2-3 år Pedagogisk leiar Eva Anette Simonsen Sjøstjerna, 3-4 år Pedagogisk leiar Rebekka Haugen Blåskjellet, 4-5 år Pedagogisk leiar Charlotte Kirkeland Sist endret 11.08.2023 00.58