Får tre millionar til kunst i offentleg rom

Molde kommune får tre millionar kroner til kunst i offentleg rom gjennom prosjektet Kunstlandskap MIDT.

Midlane blir gitt i gåve frå Sparebankstiftelsen SMN i samband med Noregs tusenårsjubileum i 2030. Kommunen må sjølv ta ansvar for intern prosjektstyring, lokal forankring og naudsynte lokale avgjerdsprosessar. 

– Dette er ei skikkeleg gladsak for Molde og ei fantastisk moglegheit til å skape meiningsfylte kunstopplevingar og møteplassar på tvers i kommunen, seier kultursjef Kristine Thomassen. Ho fortel at dei denne våren vil arbeide med å få på plass eit idégrunnlag og ein prosess for val av plassering. 

Kor mange kunstverk Molde skal etablere, eller kvar dei skal plasserast, er enno ikkje avgjort. Det vil bli lagt vekt på medverknad frå innbyggjarane, i tillegg til tverrfagleg samarbeid i kommuneadministrasjonen. Arbeidet med ei meir detaljert prosjektskisse startar no. 

Kultursjef Kristine Thomassen - Klikk for stort bildeKultursjef Kristine Thomassen Molde kommune