Byane i fylket jobbar saman, tar grep mot marin forsøpling

EU har gjennom Horisont Europa løyvd 100 000 EUR til samarbeidsprosjektet RECLAIM. Byane Ålesund, Molde og Kristiansund skal no jobbe side om side i kampen mot marin forsøpling. 

I prosjektforslaget for RECLAIM som byane saman med fylkeskommunen har utarbeidd, legg dei vekt på at kystlinja i Møre og Romsdal er eit viktig økologisk område, som er avgjerande for den lokale økonomien. Samtidig fører utvidinga innanfor marine næringar, som har skjedd dei siste tiåra, til store utfordringar; overfiske, at habitat er trua og meir marint søppel. Spesielt blir tap av utstyr som garn og teiner, trekt fram. Møre og Romsdal har særleg utfordringar med «spøkelsesutstyr», som held fram med å skade det marine økosystemet, skriv byane i prosjektforslaget. 

– Forsøpling kjenner ingen kommunegrenser, så det er heilt naturleg at kommunane går saman om å jobbe med desse utfordringane.  Eg håpar at vi gjennom støtta frå Horisont Europa kan vere innovative saman og oppnå resultat som gagnar heile fylket, seier kommunedirektør i Molde kommune, Marianne Stokkereit Aasen. 

Horisont Europa er verdas største forskings- og innovasjonsprogram med eit budsjett på 95,5 milliardar euro. 35 prosent av budsjettet skal gå til klimaformål for å oppnå grøn omstilling og berekraftig verdiskaping for bedrifter, forskingsinstitusjonar og offentleg forvaltning. Programmet er det niande i rekka av EU sine forskings- og innovasjonsprogram og kjem i etterkant av Horisont 2020. Ei viktig nyvinning er innføringa av ambisiøse «missions»-orienterte forskings- og innovasjonsoppdrag for å løyse utvalde store samfunnsutfordringar. 

På Forskningsrådet sine nettsider kan du lese meir om Horisont Europa 

Eit prosjekt for framtida 

Gjennom prosjektet RECLAIM vil byane ikkje berre rydde opp, men òg innovere og engasjere. Prosjektet set tre klare mål for framtida: 

  • Bevisstgjering og mobilisering: Ein viktig del av prosjektet er å vekke folket sitt engasjement. Lokale innbyggarar, frivillige organisasjonar, bedrifter og kommunar blir inviterte med på dugnaden for å gjere noko med problemet. 
  • Datainnsamling for smartare løysingar: Ved å bruke folkeforsking, der lokalbefolkninga bidreg med data, kombinert med avansert kunstig intelligens, vil vi få betre oversikt over kvar søppelet kjem frå, og korleis vi kan hindre det i framtida. 
  • Innovasjon og oppsirkulering: Kan gamalt søppel bli til nye ressursar? Prosjektet vil utforske kreative og berekraftige måtar å oppsirkulere marint avfall på, med fokus på reparasjon, fornying og bidrag til sirkulær økonomi innan næringane. 

NTNU er ein viktig samarbeidspartnar for byane, og skal delta i essensielle deler av prosjektet. 

Ser moglegheiter med RECLAIM 

Kommunedirektørane i byane ser store moglegheiter, både for sin eigen by, for omlandet og for samarbeidet byane imellom. 

– Prosjektet RECLAIM er ein betydeleg moglegheit for våre tre kystbyar og regionen. Ved å samle nøkkelaktørar som jobbar mot felles utfordringar innan marin forsøpling, styrkar vi samarbeidet mellom kommunane, NTNU, næringsliv, frivillige organisasjonar og allmennheita. Prosjektet bringar også verdifull kunnskapsutveksling med Horisont Europa-prosjektet, som til no har vore sentrert rundt Middelhavet. Vi ser på dette som starten på eit langvarig og viktig samarbeid rundt ein stor samfunns- og miljøutfordring. Marin forsøpling påverkar ikkje berre det marine miljøet, men også økonomien, menneske si helse, og den breiare økologiske balansen, seier konstituert kommunedirektør i Ålesund kommune, Anne Mette Liavaag. 

– Dei tre byane har mykje felles med Horisont Europa sine fem oppdrag. Vi vil kunne samarbeide om endringar i samfunnet for å møte klimaendringane og skape klimanøytrale og smartare byar. Samtidig er vi kystbyar, og vårt felles næringsliv er avhengige av sunne hav og kystområde, som blant anna prosjekt som RECLAIM vil vere ein bidragsytar for, seier kommunedirektør i Kristiansund kommune, Arne Ingebrigtsen. 

Fjord med fjelltopper. Foto - Klikk for stort bilde