Vistdal skule er ein barneskule som deler rektor med med Eresfjord skule. Saman utgjer vi Indre Nesset barne- og ungdomsskule. Vi er ein fådelt skule, noko som inneber at fleire klassar har undervisning i lag. Vi samarbeider også med barnehagen, som heldt til i samme bygg som oss.
Skulen har eit sterkt fagleg fokus med vekt på varierte undervisningsmetodar, mellom anna ved stor grad av stasjonsarbeid.
Skulen ligg i nærleiken av både elv og sjø, med store og varierte uteområder lett tilgjengeleg. Eitt av satsingsområda våre er fysisk aktivitet og friluftsliv. Det blir, i tillegg til uteskuledagar haust og vår, mellom anna gjennomført fjellturar, skulejogg, friluftsdagar, vinteraktivitetsdag og lokal TINE-stafett.
Vistdal skule er mykje i bruk etter skuletid. Lag og organisasjonar låner rom av skulen til møteverksemd. Vistdal idrettslag og Eresfjord og Vistdal fotballklubb brukar begge gymsalen, eller nyttar uteområda. Sterk og stødig-gruppa har også faste aktivitetar i gymsalen.
Ute har vi både «klatrejungel» og ballbinge, for å nemne to område der foreldre har gjort ein viktig innsats for å realisere planane. Desse tilboda er tilgjengelege for alle, og mange nyttar seg også av dei på fritida.
Bilder: