Om Vistdal skule

Vistdal skule er ein fådelt barneskule for elevar frå 1. til 7. trinn. At skulen er fådelt, betyr at elevar frå fleire årstrinn får undervisning saman. Opplæringsmålet er nynorsk.

Skulen har felles rektor med Eresfjord skule. Saman utgjer skulane Indre Nesset barne- og ungdomsskule.

Barnehagen held til i det same bygget som skulen. Skulen og barnehagen samarbeider om fleire aktivitetar.

Læring og undervisning

Vi legg stor vekt på fagleg læring og bruker ulike arbeidsmåtar i undervisninga. Elevane arbeider ofte på stasjonar. Det gir rom for varierte oppgåver og aktivitetar i mindre grupper.

Fysisk aktivitet og friluftsliv

Skulen ligg nær både elva og sjøen. Vi har store og varierte uteområde i nærleiken.

Fysisk aktivitet og friluftsliv er viktige satsingsområde for skulen. Uteområdet har mellom anna klatrejungel og ballbinge. Foreldra har gjort ein viktig innsats for å få på plass desse tilboda.

Klatrejungelen, ballbingen og resten av uteområdet er opne for alle. Mange barn, unge og vaksne bruker området på fritida.

Elevane har uteskule om hausten og våren. Dei deltek også i aktivitetar som:

  • fjellturar
  • skulejogg
  • friluftsdagar
  • vinteraktivitetsdag
  • lokal TINE-stafett

Ein møteplass i bygda

Skulebygget og uteområda er mykje brukte etter skuletid. Lokale lag og organisasjonar låner rom til møte og aktivitetar.

Vistdal idrettslag og Eresfjord og Vistdal fotballklubb bruker gymsalen og uteområda. Sterk og stødig-gruppa har faste aktivitetar i gymsalen.

Bilete

Kontakt

Marthe Steinsvoll
rektor

Adresse

Vistdalsvegen 1097,

6364, Vistdal

Kart