Skulen bruker appen Flyt Foresatt som hovudverktøy for kommunikasjon mellom skulen og heimen.
Appen Flyt foresatt
Som føresett til barn på skulen kan du mellom anna
- Sende og lese meldingar til lærar og kontaktlærar.
- Melde fråvær – heil dag, delar av dagen eller enkelttimar.
- Sjå varsel og viktige beskjedar frå skulen.
- Bytte mellom fleire barn dersom du har sysken på same eller ulike skular.
- Merkje vedlegg som favoritt for å finne dei raskare seinare.
Barn på SFO
Som føresett til barn i SFO kan du
- Sjå barnet sitt planlagde opphald på SFO.
- Leggje inn merknader og beskjedar til SFO-tilsette (til dømes henteavtalar).
- Melde fråvær for SFO-dagar.
- Lese viktig informasjon frå SFO-personalet.
Finn du ikkje det du leitar etter eller ikkje er føresett kan du kontakte skuleadministrasjonen og SFO.
Sist endret 10.08.2026 15.02