Om Eresfjord barne- og ungdomsskule

Eresfjord barne- og ungdomsskule har elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen er fådelt. Det betyr at elevar frå fleire årstrinn kan få undervisning saman. Opplæringsmålet er nynorsk.

Skulen har felles rektor og einingsleiar med Vistdal skule. Saman høyrer skulane til eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule. Dei har også felles satsingsområde.

Fysisk aktivitet og friluftsliv

Fysisk aktivitet og friluftsliv er eit viktig satsingsområde. Elevane deltek mellom anna i:

  • fjellturar med og utan overnatting
  • friluftsdag
  • vinteraktivitetsdag
  • skulejogg
  • TINE-stafetten

Om hausten og våren har elevane på 1. til 4. trinn og 5. til 7. trinn uteskule på faste område i skogen.

Samarbeid med foreldra

Skulen legg vekt på eit godt samarbeid med foreldra. Saman med foreldrearbeidsutvalet (FAU) arrangerer skulen aktivitetar på ettermiddagstid og ei eiga markering av halloween.

Foreldra deltek også på årlege dugnader på uteområdet til skulen.

Adresse

Ljørvollvegen 49, 

6470 Eresfjord

Kart