Tilskot til taubanedrift og anna – retningslinerDriftsformer som ordninga omfattarTaubane-/ slepebanedrift og T-vinsjedrift.Manuell felling til hogstmaskin i bratt terreng for å minske behovet for graving i hogstfeltDrift med lang driftsveglengde der det ikkje er økonomisk grunnlag for å byggje skogsbilveg. (Krav om godkjenning av skogbrukssjef)Drift av glissen skog på høg bonitet. Krev skifte til treslag som utnyttar produksjonsevna. (Krav om godkjenning av skogbrukssjef)VilkårTaubanedrift skal berre prioriterast der gravedrift eller bruk av T–vinsj ikkje kan gjennomførast.Virket skal vere registrert i virkesdatabasen.Kommunen skal førehandsgodkjenne alle taubane-/ slepebanedrifter og T - vinsjedrifter. (Sjå minstealder på ulike bonitetar for taubanetilskot nederst på denne sida)Vedtak om driftstilskot skal innehalde naudsynte vurderingar i høve til naturmangfaldlova, jf. eigen rettleiar frå Landbruksdirektoratet som kom i 2015.All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk.Vilkår om forynging ved løyving av tilskot:Det skal ikkje gis tilskot der areal skal omdisponerast.Tilskot til lang køyring skal vurderast opp mot grunnlaget for framtidig vegbygging og skal ikkje gis der vegbygging er lønsamt.Søknad, sakshandsaming og utbetalingSøknad på skjema SLF-916 skal nyttast. Prioriteringsfrist for taubanetilskot er 1. juni. Fortløpande behandling før frist. Kommunen løyver, vurderer støttenivå og anviser utbetaling. Minste beløp for utbetaling er kr. 2 000. Ved avslutta drift kan 85 % av omsøkt beløp utbetales med bakgrunn i produksjonsfil frå hogstmaskin. Kopi av prd-fil leggast ved søknad. TilskotssatsarTaubanedrift furu og lauv: 220 kr/m3 Taubanedrift gran: 160 kr/m3, maks 9000 kr/daa.T – vinsjedrift: Inntil 50 kr/m3. Manuell felling til hogstmaskin i bratt terreng. 60 % tilskot for dokumentert kostnad. Inntil 480 kr/time. Driftsveglengde over 1,3 km: 20 kr/m3, over 2 km: 40 kr/m3. Drift av glissen skog (<10 m3/daa) på bonitet (14 og høgare): 50 kr/m3 furu Ved treslagsskifte, med forhåndsgodkjenning av kommunen, inntil 150 kr/m3 for hogst av lauv. Maksimalt to av tilskotsordningane kan kombinerast.Det vert ikkje løyvd tilskot til taubanedrift der bestandsalder er lågare enn: Tilskot til taubanedrift - bonitet og lågaste hogstalder Bonitet Lågaste hogstalder G23 60 G20 65 G17 70 G14 75 Alderskrav kan fråvikast av helsemessige eller andre årsakar, ved vurdering og godkjenning frå skogbrukssjef.Fastset med visning til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Sist endret 21.02.2025 12.51