Statens vegvesen søkjer om utfylling ved Storhaugsundet og FlatholmsundetStatens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Storhaugsundet og Flatholmsundet i Molde og Aukra kommunar.Det skal etablerast permanent fylling i sjø med mellombels kaianlegg på om lag 1,1 millionar m3 massar ved Storhaugsundet. Det skal òg etablerast fire permanente sjøfyllingar på til saman om lag 1,4 millionar m3 massar ved Flatholmsundet. Tiltaka skal gjerast som eit ledd i etableringa av fastlandstilknyting mellom Otrøya og Gossen, med massar frå vegprosjektet med ny E39 i regionen.Sjå søknad frå Statens vegvesen: Søknad om tiltak i sjø Storhaugsundet og Flatholmsundet (PDF, 14 MB)Ei eventuell uttale sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller per e-post til sfmr@statsforvalteren.no innan 25. september 2024. Sist endret 16.09.2024 12.59