Spørsmål om koronaviruset? Bruk Folkehelseinstituttets informasjonstelefon 815 55 015

Generelle fakta og råd finner du på Folkehelseinstituttets nettsider
Når bør du ringe fastlegen eller legevakt? Les råd fra kommuneoverlegen
 

Vistdal skule

Vistdal skule

Skulen har 17 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. Uteområdet til skulen er stort og variert, og noko av det deler ein med barnehagen. Barnehagen og skulen har elles mykje samarbeid, og skulen har også noko samarbeid med Vistdal Bofelleskap.

1. - 7.  klasse, fådelt
Elevtal: 17
Opplæringsmål: nynorsk
Rektor: Hilde Toven

 

Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.

Vistdal skole og Eresfjord barne- og ungdomsskule har felles rektor/einingsleiar. Skulane tilhøyrer eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule og har felles satsingsområde. Eit av hovudområda er fysisk aktivitet og friluftsliv, og det blir mellom anna gjennomført fjellturar med og utan overnatting, friluftsdag, vinteraktivitetsdag, skulejogg, TINE-stafett med meir. Det er også viktig for skulane å å ha eit godt samarbeid med føresette. Derfor blir det i samarbeid med FAU arrangert aktivitetar på ettermiddagstid, halloween, samt årlege foreldredugnadar på skulane sine uteområde. 

Vistdal skole gjennomfører årleg "Skulejoggen" i tilknytning til FN-dagen. Då spring elevane inn pengar til eit godt formål. Før jul, øver elevane inn eit program som blir vist føresette og anna familie under juleavslutninga. Skulen gjennomfører ein leseaksjon kvar sommar. Følg gjerne med på våre aktivitetar via Vistdal skole si facebook-side.