Spørsmål om koronaviruset? Bruk Folkehelseinstituttets informasjonstelefon 815 55 015

Generelle fakta og råd finner du på Folkehelseinstituttets nettsider
Når bør du ringe fastlegen eller legevakt? Les råd fra kommuneoverlegen
 

Eresfjord barne- og ungdomsskule

Eresfjord barne- og ungdomsskule

Skulen har 41 elevar fordelt på 1. - 10. trinn. På barnetrinnet er det 24 elevar som kjem frå Eikesdal og Eresfjord. På ungdomstrinnet er det 17 elevar, og ungdomsskulen har elevar både frå bygdene Eikesdal, Eresfjord og Vistdal. Skulen har også SFO-tilbod etter skuletid.

1. - 10. klasse, fådelt
Elevtal: 37 elevar
Opplæringsmål: nynorsk
Rektor: Hilde Toven

Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.

Eresfjord barne- og ungdomsskule og Vistdal skole har felles rektor/einingsleirar. Skulane tilhøyrer eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule og har felles satsingsområde. Eit av hovudområda er fysisk aktivitet og friluftsliv, og det blir mellom anna gjennomført fjellturar med og utan overnatting, friluftsdag, vinteraktivitetsdag, skulejogg, TINE-stafett med meir. Det er også viktig for skulane å ha eit godt samarbeid med føresette. Derfor blir det i samarbeid med FAU arrangert mellom aktivitetar på ettermiddagstid, halloween, samt årlege foreldredugnadar på skulane sine uteområde. 

Både haust og vår har 1. - 4. trinn og 5. - 7. trinn uteskule på faste område i skogen. Følg gjerne med på våre aktivitetar på facebooksida til Eresfjord barne- og ungdomsskule.