1. - 7. klasse, fådelt
Elevtal: 17
Opplæringsmål: nynorsk
Rektor: Hilde Toven
Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.
Vistdal skule og Eresfjord barne- og ungdomsskule har felles rektor/einingsleiar. Skulane tilhøyrer eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule og har felles satsingsområde. Eit av hovudområda er fysisk aktivitet og friluftsliv, og det blir mellom anna gjennomført fjellturar med og utan overnatting, friluftsdag, vinteraktivitetsdag, skulejogg, TINE-stafett med meir. Det er også viktig for skulane å å ha eit godt samarbeid med føresette. Derfor blir det i samarbeid med FAU arrangert aktivitetar på ettermiddagstid, halloween, samt årlege foreldredugnadar på skulane sine uteområde.
Vistdal skole gjennomfører årleg "Skulejoggen" i tilknytning til FN-dagen. Då spring elevane inn pengar til eit godt formål. Før jul, øver elevane inn eit program som blir vist føresette og anna familie under juleavslutninga. Skulen gjennomfører ein leseaksjon kvar sommar. Følg gjerne med på våre aktivitetar via Vistdal skule si facebook-side.