Sandane

Sandane

 Sandane på Midøya - Klikk for stort bildeSandane badestrand på Midøya. Kathrin Gangstad

Sydlandske strender, turstiar og historiske skattar. Sandane er ikkje berre ein ynda stad for strandliv og friluftsliv. Det ber òg eit historisk sus over seg.

På utsida av Midøya ligg dei finaste badestrendene i Romsdal. Nøre Sanden vender ut mot Harøyfjorden medan Søre Sanden vender mot vest og ligg skjerma til ved Hamnaneset som ligg mellom dei to strendene. Med etablerte stiar og ein asfaltert parkeringsplass er dette friluftsområdet godt tilgjengeleg for folk i alle aldrar. Sandane er eit område med rike kulturminne og ved parkeringsplassen finn du ei informasjonstavle med QR-kodar der du kan lesa deg opp.

(tekst og bilde er henta frå https://portalmidsund.no/ )

Kart