Statens vegvesen søkjer om utfylling ved Grandfjæra vest

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Grandfjæra vest i Molde, eigedomen gnr. 25 bnr. 1542.

Dei ynskjer å fylle ut med 618 500 m3 massar i Grandfjæra. Det vil òg mudre om lag 25 250 m3 massar i det same området og KC-stabilisere tilsvarande 4 300 m3. Hensikta med tiltaket er å nytte overskotsmassar frå vegprosjekt i regionen (E39) til å etablere ei permanent sjøfylling som del av byutviklinga.

Sjå søknad frå Statens vegvesen: Søknad om tiltak i sjø ved Grandfjæra vest (PDF, 10 MB)

Ei eventuell uttale sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller per e-post til sfmr@statsforvalteren.no innan 25. september 2024.