Aktuelt nå:

Koronavaksine for prioriterte grupper
Alt om korona

Kontaktinformasjonen til ansatte har falt ut
Ta kontakt med sentralbordet på 71 11 10 00 om du ikke finner informasjonen du trenger.

Temaplan idrett og fysisk aktivitet 2021-2025.

Temaplan idrett og fysisk aktivitet 2021-2025.

Molde kommune har gjennomført digitalt oppstartsmøte for arbeidet med ny Temaplan idrett og fysisk aktivitet. 

Litt om oppstartsmøtet

Målgruppa for møtet var idrettslag, friluftsorganisasjonar, velforeiningar, bygdelag og andre. Målet var å gje informasjon og å få dialog om planarbeidet. Møtet var ope for alle og ca 40 meldte seg på. Det viktig å få dialog og innspel til sjølve planen. Slike innspel kan sendast inn fortløpande, helst før sommarferien. (Frist 20. juni)

MR idrettskrets v/ Roar Lervik  la fram sine forventningar til planen og belyste utviklingstekk særleg for den organiserte idretten i vår region. 

Du finn lenke til presentasjonen her.  (PDF, 868 kB)

Mandat for temaplan

Hovudutval for oppvekst, kultur og velferd, OKV, vedtok 10. mai mandat for planarbeidet. Mandatet omhandlar planprosessen, innhald og mål for planen. Det er ein forenkla prosess der mandatet erstattar formelt planprogram og ein er ikkje bunden av Plan- og bygningsloven sine krav til saksgang med formelle høyringsfristar osv. 

Temaplanen er primært eit verkty som skal styre utviklinga av tilrettelegging og prioritering av anlegg og område for idrettsaktivitet og fysisk aktivitet. 

Innspel til Temaplan for idrett og fysisk aktivitet 2021- 2025

Molde kommune ynskjer innspel frå aktørar innafor temaet. Det gjeld innspel til innhaldet i planen. Du kan melde inn både som enkeltperson og som lag/foreining.

Skjema for innspel om planer for konkrete prosjekt eller anlegg som ein vil ha inn på kommunal handlingsplan med tanke på søknad om spelemidlar, vil komme seinare.

Innspel, dokument og evt. bilder kan óg sendast på e-post til postmottak@molde.kommune.no

Frist for å gje innspel er 20. juni 2021

 

Kontaktinfo:

Innspel:

Har du/dere innspel til innhaldet i temaplanen, tema som de brenn for og ynskjer skal komme med i planen,  så kom gjerne med eit uforpliktande inn spel her. Har du/dere innspel til innhaldet i temaplanen, tema som de brenn for og ynskjer skal komme med i planen, så kom gjerne med eit uforpliktande inn spel her.
Felt merket med * må fylles ut