Trygg Trafikk nasjonalt har tatt kontakt med Smart Molde for å gjennomføre dette opplegget då dei såg alt det gode arbeidet som blei gjort ved gjennomføring av sykkelopplæring på skulane i 2024 (sjå video på Trygg sykkel sin landingsside). Tone frå Trygg Trafikk har derfor lyst til å ta turen til Molde for å holde ein times opplegg rundt trafikkopplæring. Ho har sjølv bakgrunn som lærar, og har fokus på pedagogikk og "ta rett ut i skulen".
Kort om innhaldet:
- Kvifor drive god trafikkopplæring i skulen? Eksempel frå kvardagen som lærar. LK20 og overføringsverdi til andre fag.
- Korleis veilede godt i opplæring? Eksempel på samtaler om begreper som risiko, orientere seg og oppmerksomheit og bruk av nærmiljøet/skuleveg.
- Bruk av Sykkeldyktig rett inn i skulekvardagen, tips og gode råd.
- Elevmedverknad.
Det blir også lagt opp til samtale/spørsmål i etterkant av innføringa.
Vel møtt.